Luna 9-haugen er eit fjell på 1880 moh. på austenden av Eidshaugane i Humboldtfjella i Dronning Maud Land i Antarktis. Det vart oppdaga og kartlagr frå flyfoto av Den tyske antarktisekspedisjonen, 1938-39. Det vart også kartlagt frå flyfoto og landmålingar av den norske antarktisekspedisjonen, 1956–60. Den sovjetiske antarktisekspedisjonen kartla det på ny i 1960–61, og kalla det Gora Luna-Devyat' (Luna 9-fjellet) til minne om det sovjetiske forskarar hadde oppnådd i verdsrommet.
Kjelder
Kategori:Fjell i Dronning Maud Land Kategori:Humboldtfjella