Mount McIntosh er eit fjell med ei høgd opp mot ca. 2600 moh. vest i Kyle Hills på Ross Island i Antarktis. Det ligg i nordvestenden av Lofty Promenade, 1,5 nautiske mil (2,8 km) aust for toppen av Mount Terror. Fjellet er kjenneleg på grunn av diagonale band av fjell og is på nordsida. Etter forslag for P.R. Kyle, vart det namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) (2000) etter William C. McIntosh, ein geolog ved New Mexico Institute of Mining and Technology, som arbeidde mykje i Antarktis under United States Antarctic Program (USAP) og som undersøkte Mount Erebus. Han vitja Mount Erebus første gongen i 1977-78 og hadde minst 15 turar til Antarktis fram til 1999.

Kjelder

Kategori:Fjell på Ross Island