Aurskog er ein norsk tettstad som ligg i den nordlege delen av Aurskog-Høland kommune. Aurskog var før kommunesamanslåinga i 1966 ein eigen kommune med tettstadane Aurskog, Aursmoen, Finstadbru, Lierfoss, og Korsmo. Tettstadane Aurskog og Aursmoen har i dag meir eller mindre vakse saman, og vert naturleg sett på under eitt.
Aursmoen er handelsområdet, og har i tillegg til to små butikksenter fleire butikkar av ymse slag. I dei seinare åra har mange reagert på at staden, som har om lag 5000 innbyggjarar, har heile tre daglegvarebutikkar.
Aurskog huser golfbanen Aurskog Golfpark som opna i 2005.
Kjende verksemder i bygda er PDC Tangen (prenteverk, læremateriell), Stenquist emballasje og Bakelittfabrikken som produserer øvingsammunisjon.
Kjende personar frå Aurskog Eyolf Soot (1858–1859), ingeniør Stein Ove Berg (1948–2002), visesongar Anette Tønsberg (f. 1970), skøyteløpar Lasse Ottesen (f. 1974), skihoppar
Kategori:Aurskog-Høland kommune Kategori:Tidlegare kommunar i Akershus Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1966