Mount Duvall er eit isdekt fjell, 2149 moh, som ligg like vest for Fisher Bastion på nordsida av Solomonbreen i Royal Society Range i Victoria Land. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (1994) etter Thomas L. Duvall jr., som i lag med John W. Harvey og Martin Pomerantz forska på helioseismologi ved Amundsen-Scott-stasjonen frå 1980.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fjell i Victoria Land Kategori:Scott Coast