mini|KU School of Law. University of Kansas, forkorta KU, er eit delstatseigd universitet i Lawrence i delstaten Kansas i USA. Dei fleste fasilitetane ligg rundt storbyen Kansas City, men det er òg underavdelingar i Wichita, Topeka, og Parsons.
Det vart oppretta i 1866. Jus-utdanninga og ein del andre fagretningar er ganske høgt rangert i USA. Nettlesaren Lynx vart utvikla her og brukte hypertekst-språk før Tim Berners-Lee fann opp HTML.
Skulane er: College of Liberal Arts School of Architecture and Urban Design School of Business School of Education School of Engineering School of Fine Arts School of Journalism and Mass Communication University of Kansas School of Law (1893) School of Pharmacy School of Social Welfare University of Kansas Honors Program University of Kansas Medical Center School of Medicine School of Nursing School of Allied Health
Ved universitetet var det 28 924 studentar og 1 283 vitskapeleg tilsette i 2006, og same året var skulepengane US$ 6 153 for studentar folkeregistrert i Kansas. Studiane blir gjeve opp til doktorgradsnivå.
Lærestaden har eit naturhistorisk museum i tillegg til Spencer Museum of Art.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «University of Kansas» frå , den 25. mars 2013.
Bakgrunnsstoff University of Kansas University of Kansas School of Law
Kategori:Universitet i Kansas Kategori:Skipingar i 1866 Kategori:1866 i USA