mini|'Rom i eit nederlandsk hus' måla mellom 1668 og 1672 av Pieter Janssens Elinga.
Interiør (frå latin interior, indre via fransk) er ei nemning for det innvendige i eit hus eller anna type bygning, og viser vanlegvis til korleis det innvendige i huset eller bygningen er utforma, innretta, fargesett og så bortetter. Det motsette av interiør er eksteriør.
I kunst kan «interiør» visa til verk som skildrar det indre livet i ein heim, til dømes i form av bilete med interiørmotiv eller romanar som tek for seg dei indre tilhøva i eit hushald.
Sjå òg Interiørarkitekt
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Interiørarkitektur Kategori:Latinske ord og uttrykk