Cristina Elisabet Fernández de Kirchner () var president i Argentina frå desember 2007 til desember 2015. Ho overtok presidentskapen etter ektemannen, Néstor Kirchner som hadde fireårsperioden før henne, og ho vart gjenvald i oktober 2011.

Politisk karriere

Cristina Fernández de Kirchner er oppvaksen i Buenos Aires. Ho er utdanna jurist og har vore politisk aktiv for peronistpartiet sidan 1970-åra. I 1995 vart ho fyrste gongen medlem av senatet, og frå 1997-2001 fekk ho eit sete i nasjonalforsamlinga. Då Néstor Kirchner vart president i 2003, vart ho som presidentfrue presidentens næraste rådgjevar, og fekk fleire framståande stillingar. Under presidentvalet i 2007 vann ho fyrste omgang med 44,7 % av røystene, meir enn 10 % meir enn nærmaste motstandar. Då Néstor Kirchner døydde i 2010, auka oppslutninga om den sitjande presidenten. I 2011 vann ho gjenvalet med eit endå større forsprang på motstandarane enn i 2007.Nrk.no, 24.10.11: Fernández gjenvalgt i Argentina Som president har Cristina Fernández de Kirchner vidareført den økonomiske politikken til ektemannen, som hjelpte landet gjennom finanskrisa.

Strid om Falklandsøyane

Presidenten har også hevda argentinsk suverenitet over dei britiske Falklandsøyane som ligg utanfor den argentinske kysten. Argentina hevdar at øyane vart tekne frå Argentina med makt i 1833. Britane går imot denne versjonen av historia og meiner øyane retteleg tilhøyrer Storbritannia.Nrk.no, 03.01.13: Argentina gjenoppliver krangel om Falklandsøyene Falklendarane sjølve røysta i mars 2013 over om dei ville tilhøyre Argentina eller Storbritannia, og overveldande 99 % røysta Storbritannia. Cristina Fernández de Kirchner har no skrive eit ope brev til den argentinske nyutnemnde pave Frans I og bede han mekla i konflikten.Nrk.no, 18.03.13: Argeninas president ber paven om Falkland-hjelp

Kjelder

Fotnotar

Kategori:Argentinske presidentar Kategori:Argentinske politikarar Kategori:Folk frå Buenos Aires