Katalansk i Eurovision Song Contest gjev oversyn over bruken av det katalanske språket i Eurovision Song Contest. Den fyrste gongen ein song på katalansk vart framført i Eurovision Song Contest var i 2004 då Andorra debuterte med «Jugarem a estimar-nos» av Marta Roure. Sidan den gong har Andorra delteke med til saman seks ulike bidrag som har vorte framført på katalansk. Av landa som kan delteke er katalansk offisielt språk i Andorra, Catalonia og Balearane i Spania og Alghero i Italia.

Bidrag # År Land Artist Song Andre språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 01 2004 Marta Roure «Jugarem a estimar-nos» X X 012 18 02 2005 Marian van de Wal «La mirada interior» X X 027 23 03 2006 Jenny «Sense tu» X X 008 23 04 2007 Anonymous «Salvem el món» Engelsk X X 080 12 05 2008 Gisela «Casanova» Engelsk X X 022 16 06 2009 Susanne Georgi «La teva decisió (Get a Life)» Engelsk X X 008 15

I 1968 vart Joan Manuel Serrat vald ut til å framføre «La, la, la» for Spania. Han ville framføre songen på katalansk, men spanske styresmaktar og den spanske diktatoren Francisco Franco likte ikkje idéen. Serrat nekta å framføre songen på spansk og vart dimed bytta ut med Massiel. Massiel vann Eurovision Song Contest 1968 med den spanskspråklege versjonen av «La, la, la».

Kjelder Informasjon om dei ulike bidraga er henta frå Engelsk Wikipedia.

Denne artikkelen bygger på «List of languages in the Eurovision Song Contest» frå , den 30. mars 2013.

Kategori:Språk i Eurovision Song Contest Kategori:Katalansk språk