Karita Bekkemellem (), som gift Karita Bekkemellem Orheim, er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet fødd på Lillehammer. Ho har vore stortingsrepresentant i fleire periodar.

I stortingsvalet 2005 blei Bekkemellem vald inn til sin femte periode for Møre og Romsdal fylke. I regjeringa Stoltenberg I var ho statsråd for Barne- og familiedepartementet, og då denne gjekk av blei ho fraksjonsleiar i Kyrke-, utdannings- og forsningskomiteen på Stortinget. I regjeringa Stoltenberg II var ho frå 17. oktober 2005 til 18. oktober 2007 barne- og likestillingsminister. Ho var òg leiar for Arbeidarpartiets kvinnerørsle.

Kort tid etter at ho slutta i regjeringa, vart ho styremedlem i meklarhuset Carasa, saman med tidlegare Hydro-direktør Cecilie Ditlev-Simonsen. Bekkemellem er også ein av fleire faste programleiarar i debattprogrammet Studio 5 som går på fjernsynskanalen FEM.

Bekkemellem har to ungar. Ho er fødd i Lillehammer, flytta seinare til Molde og er no busett i Rygge.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske familie- og forbrukarministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg I Kategori:Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Norske næringslivsleiarar Kategori:Norske forfattarar av erindringsbøker Kategori:Forkjemparar for homofile sine rettar Kategori:Folk frå Lillehammer Kategori:Folk frå Molde Kategori:Ap-politikarar i Møre og Romsdal