Lars Roar Langslet () var ein norsk Høgre-politikar, forfattar og statsstipendiat frå 1997. Han var utdanna mag. art. i idéhistorie.
Langslet vart første statsråd i Kultur- og Vitskapsdepartementet, i Willochregjeringa frå 1981 til 1986. Normalt skulle kyrkjesaker ha lege under same departement, og det vert hevda at årsaka til at kyrkjesakene vart utelatne frå departementet sitt saksområde var at Langslet var katolikk. Som minister var Langslet kjend for å ha opna eteren for private lokalradiostasjonar.
I 1991 gav Langslet ut kriminalromanen Mord ved statsministerens kontor, under pseudonymet Bendik Rosenlund. Han skreiv fleire biografiar om kjende nordmenn, men best kjend av bøkene hans var truleg verket om historia til Riksmålsrørsla frå 1999.
Verv og stillingar
1957-1968: Redaktør for Minerva 1960: Formann i Det Norske Studentersamfund 1970-?: Medlem i sentralstyret i Høgre 1969-1989: Stortingsrepresentant for Høgre (med unnatak av 1981-1986, då han sat i regjering) 1973-1980: Formann i Kyrkje- og Undervisingskomitéen (på Stortinget) 1981-1986: Kultur- og vitskapsminister 1989-1990: Kulturdirektør i Oslo
Langslet har fått tildelt ei rekkje prisar og utmerkingar for verksemda si. I 1984 vart han tildelt Fritt Ords honnør for ved ein kombinasjon av djervskap og varsermd å ha opna for forsøk med friare kringkastingsformer. I 1996 vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden. Langslet har elles vore skribent i Aftenposten og er medlem av, og preses for Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur.
Nokre verk
1991: Mord ved statsministerens kontor kriminalroman 1997: Christian IV : konge av Danmark og Norge, om kong Kristian IV av Danmark-Norge 1999: Christian Frederik : konge av Norge (1814), konge av Danmark (1839-48), om kong Kristian VIII Fredrik av Danmark ISBN 82-02-14942-8 1999: I kamp for norsk kultur: riksmålsbevegelsens historie gjennom 100 år 2001: Den store ensomme : en biografi om Ludvig Holberg, om Ludvig Holberg Full bibliografi
Arv og utsyn (1962) Den unge Karl Marx og menneskets fremmedgjørelse (1963) Konservatismen fra Hume til idag (1965) Kirken i dialog (1968) Enhet og mangfold (1969) Forandre for å bevare (1969) Fra sidelinjen (1974) Frihet og orden (1974) Konservatismens historie (1975) Uro i skolen (1977) Om alle Land laa øde – Petter Dass (1984) Keiseren og eplekvistene (1987) Mennesker og milepæler (1988) John Lyng – samarbeidets arkitekt (1989) Mord ved statsministerens kontor (1991) (under pseudonymet Bendik Rosenlund) Kong Olav V av Norge (1992) Henrik Ibsen – Edvard Munch – To genier møtes (1994) Fra innsiden – Glimt fra et halvt liv i politikken (1994) Olav den Hellige (1995, ny utg. 1998) Ibsen – Norges store dramatiker (1995) Rev eller pinnsvin? Tre essays om Hamsun (1995) Hamsun – det skiftende spillets dikter (1996) Kongen taler (utvalg og innledning, 1996) Christian IV (1997, ny utgåve 1999) Christian Frederik (1. bind 1998, 2. bind (1999)
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske kulturministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Willoch Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Norske forfattarar Kategori:Statsstipendiatar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Mottakarar av Fritt Ords honnør Kategori:Folk frå Nes i Buskerud