Solørbanen går frå Kongsvinger til Elverum. Banen var ferdig 4. desember 1910. Strekninga Kongsvinger–Flisa vart opna i 1893. Sidan persontrafikken på banen vart lagt ned på starten av 1990-talet går det no berre godstog, for det meste med tømmer og flis. Banen er 94 km lang og ikkje er elektrifisert. Ved Haslemoen finn ein landets nest lengste rette strekning med jernbanespor.
Historikk Trondheimstoget over Røros har blitt kjørt på Solørbanen; dagtoget gjekk her i periodane 1943–1946 og 1986–1989. I tida 1986–1991 gjekk òg natttoget her.
Etter damplokomotiva vart borte, vart NSB type 86 nytta i persontrafikken.
Viktige stoppestader var Kirkenær, Flisa og Braskereidfoss.
Tømmerterminalar Solørbanen har to operative tømmerterminalar. Den eine ligg på Vestmo like sør for Elverum og den andre ligg på Braskereidfoss. Tidlegare var det ein terminal på Brandval.
Framtidsplanar Solørbanen er viktig for transport av tømmer til Sverige. I Nasjonal transportplan 2018-2029 er banen foreslått elektrifisert. Det er òg planlagt tilsving til Kongsvingerbanen ved Kongsvinger og tilsving til Rørosbanen ved Elverum. Begge desse er foreslått for å kunne ha gjennomgåande tog. Planleggingsprosessen for tilsvinget ved Elverum vart starta i 2019.
Linjekart mini|Elverum stasjon mini|Braskereidfoss stasjon mini|Roverud stasjon mini|Kongsvinger stasjon
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Solørbanen» frå , den 7. april 2013.
Bakgrunnsstoff Bane Nor si side om Solørbanen Stasjonsdatabasen - Solørbanen Nebysamlingene om Flisa–Elverum Nebysamlingene om Kongsvinger–Flisa
Kategori:Jarnbanestrekningar i Noreg berre nytta av godstog Kategori:Jarnbanestrekningar i Innlandet Kategori:Jarnbanestrekningar opna i 1910 Kategori:1910 i Noreg Kategori:Norske jarnbanar