mini|Skilt 138 («Andreaskross») som blir nytta i Noreg for å varsle stad der enkeltspora jernbane eller sporveg kryssar vegen i plan. mini|Mange alvorlege ulykker har skjedd ved planovergangar. Her (ved Bourbonnais i Illinois, USA) har eit tog kollidert med ein lastebil. Elleve omkom. Ein planovergang er ein stad der ei jernbane eller sporveg kryssar ein offentleg eller privat veg i same plan.

Ved planovergangar kan det skje alvorlege ulykker. I tillegg sinkar dei vegtrafikken der mange tog passerer i løpet av dagen. Ved usikra planovergangar kan toga passere i opptil 130 km/t. Er overgangen sikra med bom kan toga passere med opptil maks 160 km/t i Noreg).http://www.jernbaneverket.no/no/Sikkerhet/Planovergangar/Der-vei-krysser-jernbane/ Ved bygging og utbetring av jernbanar og tunnelbanar søkjer ein derfor å unngå dei. Der dette ikkje er mogleg eller ein vurderer det som ulønsamt, er det ved offentleg veg påbode å sikre dei med bommar, lys og/eller lydsignal. I tillegg kan ein betre sikta ved f.eks. å rydde vekk buskar og kratt, evt. legge om vegen. Før-og-etter-undersøkingar tyder på at automatiske bommar gir best sikring. Men nærare 90 % av planovergangane i Noreg (3426 av 3751 i 2007) er på privat veg, og dei aller fleste av desse (3259 i 2007) har ei uvakta grind eller inga sikring. Årleg blir det lagt ned ca. 100 planovergangar i Noreg. i starten 2013 var det 3142 planovergangar på banar der det går regelmessig trafikk. Totalt var det om lag 3539 overgangar.http://www.jernbaneverket.no/no/Jernbanen/Jernbanen-i-tall/

Referansar Denne artikkelen bygger på «Planovergang» frå , den 5. mai 2013.

Kategori:Jarnbane Kategori:Vegtransport