Ein ordvev (frå engelsk wordnet) er ein leksikalsk database som grupperer ord saman i grupper med same semantiske tyding (synonym, kalla synset) og ulike semantiske samanhengar mellom ordgruppene. Ordvever finst for fleire språk, og det er prosjekt i gang for fleire andre språk, mellom anna dei skandinaviske. Den første ordveven var for det engelske språket og blei utvikla ved Princeton University i USA. Ein ordvev kan både brukast som ei ordbok (ordvever bygger gjerne på allereie eksisterande ordbøker) og som eit verktøy i automatisk tekstanalyse og kunstig intelligens.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Norsk ordvev (bokmål) - Nasjonalbiblioteket Norsk ordvev (nynorsk) - Nasjonalbiblioteket Engelsk ordvev - Princeton University

Kategori:Språk Kategori:Databasar

en:WordNet