Edgar Wilmar Froese () var ein tysk kunstnar og pioner innan elektronisk musikk, mest kjend for å ha starta gruppa Tangerine Dream. Solo- og gruppeinnspelingane hans før 2003 har på namnet «Edgar Froese», men på soloalbuma hans frå 2003 og frametter er han omtalt som Edgar W. Froese.

Froese vart fødd i Tilsit (Sovetsk) i Aust-Preussen under andre verdskrigen. Han tok pianotimar frå han var 12 år gammal, og starta å spele gitar som femtenåring.http://thequietus.com/articles/03878-edgar-froese-tangerine-dream-interview Etter å tidleg ha vist interesse for kunst, gjekk Froese på Kunstakademiet i Vest-Berlin for å studere måling og bilethogging. I 1965 starta han bandet The Ones, som spelte rock og R&B. Då dei spelte i Spania, vart dei inviterte til å spele heime hos Salvador Dalí i Cadaqués. Dette møtet vart særs viktig for Froese og det inspirerte han til å eksperimentere meir i musikken. The Ones vart oppløyst i 1967 og gav berre ut ein singel, («Lady Greengrass» / «Love of Mine»).

Etter å ha kome attende til Berlin, byrja Froese å finne musikarar for frirock-bandet som skulle verte Tangerine Dream.

Solodiskografi Aqua (1974) gjeve ut i to versjonar med forskjellig sporliste, begge i 1974. Epsilon in Malaysian Pale (1975) òg gjeve ut som Ypsilon in Malaysian Pale Macula Transfer (1976) Ages (1978) Stuntman (1979) Electronic Dreams (circa. 1980) samleplate Solo 1974–1979 (1981) samleplate Kamikaze 1989 (1982) filmmsuikk for ein tysk film med Rainer Werner Fassbinder Pinnacles (1983) Beyond the Storm (1995) samleplate Introduction to the Ambient Highway (2003) sampler Ambient Highway, Vol. 1 (2003) blanding av nye og gamle spor Ambient Highway, Vol. 2 (2003) blanding av nye og gamle spor Ambient Highway, Vol. 3 (2003) blanding av nye og gamle spor Ambient Highway, Vol. 4 (2003) blanding av nye og gamle spor Dalinetopia (2004) Ages (2005) delvis nyinnspeling Epsilon in Malaysian Pale (2005) delvis nyinnspeling Stuntman (2005) delvis nyinnspeling Aqua (2005) delvis nyinnspeling Macula Transfer (2005) delvis nyinnspeling Pinnacles (2005) delvis nyinnspeling Orange Light Years (2005) blanding av nye og gamle spor Solo 1974–1983 (2012) samleplate

Kjelder

Bakgrunnsstoff Heimeside Tangerine Dream-side

Kategori:Folk frå Kaliningrad oblast Kategori:Ambient-musikarar Kategori:Tyske electronicamusikarar Kategori:Folk frå Aust-Preussen Kategori:Tangerine Dream-medlemmar