Yeti er eit dobbeltalbum frå 1970 av det tyske krautrockbandet Amon Düül II. Det kom ut på Liberty Records. Albumet vart produsert av Olaf Kübler og Amon Düül II med Willy Schmidt som lydteknikar. Det inneheld både korte songar og lengre, improviserte stykke. Det britiske magasinet The Wire skildrar Yeti som «ein av hjørnesteinane i karrieren til både Amon Düül og heile krautrock-miljøet»,Pouncey, Edwin (February 1996) "Communing With Chaos" The Wire 144 medan Allmusic skriv «det første meisterverket deira, og eit av dei definerande krautrockalbuma».
Den første plata inneheld komponerte songar, og opnar med det lange stykket «Soap Shop Rock». Den andre plata består av lange, improviserte stykke.
Plateomslag Plateomslaget vart teikna av organisten i bandet, Falk Rogner, og er ein collage av mannen med ljåen (tysk: Der Sensenmann) laga av eit bilete av Wolfgang Krischke. Krischke, hadde arbeidd med bandet som lydmann, men døydde av hypotermi medan han var påverka av LSD. Rogner sa: «Då han døydde syns eg det biletet ville vere den perfekte måten å minne han på.»Pouncey 1996Gross, Jason (August 2008) "Amon Düül II: John Weinzierl interview" Perfect Sound Forever Henta 10. april 2013
Innhald
2001-utgåva på Repertoire Records (REP 4919) inneheld alle songane over på ein enkel CD, i tillegg til to bonusspor som opphavleg var A- og B-sida på ein singel frå 1970.:
"Rattlesnakeplumcake" - 3:18 "Between the Eyes" - 2:27
Medverkande Renate Knaup - vokal, tamburin John Weinzierl - gitar, 12-strengsgitar, vokal Chris Karrer - fiolin, gitar, 12-strengsgitar, vokal Falk Rogner - orgel Dave Anderson - bass Peter Leopold - trommer Christian "Shrat" Thierfeld - bongos, vokal
Gjester på «Sandoz in the Rain»:
Rainer Bauer (frå Amon Düül I) - gitar, vokal Ulrich Leopold (frå Amon Düül I) - bass Thomas Keyserling (spelte òg med Tangerine Dream) - fløyte
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Yeti (album)» frå , den 10. april 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Amon Düül II-album Kategori:Tyskspråklege album