Sven-Roald Nystø () er ein lulesamisk politikar frå Hellemobotn i Tysfjord. Han er utdanna cand.polit frå Universitetet i Tromsø.

Nystø var president for det norske Sametinget i to periodar, frå 1997 til 2005, for Norske Samers Riksforbund.

Før han vart sametingspresident var han visepresident under Ole Henrik Magga. Han sat og i Samerettsutvalet, og han var leiar for Urfolksutvalet i Barentssamarbeidet.

Kategori:Lulesamar Kategori:Samiske politikarar Kategori:Norske samar Kategori:Folk frå Tysfjord Kategori:Sametingspresidentar Kategori:Studentar ved UiT Noregs arktiske universitet