Starring Rosi er eit eksperimentelt rockealbum av det tyske krautrockbandet Ash Ra Tempel frå 1973. Det vart spelt inn i Studio Dierks i Stommeln av Dieter Dierks.

Albumet vert generelt rekna som eit vendepunkt for Manuel Göttsching og inneheld langt meir strukturerte og kortare songar enn dei lange musikkstykka bandet hadde spelt inn før. I tillegg er dette det første albumet etter at Hartmut Enke slutta. Göttsching spelar sjølv dei fleste instrumenta med Harald Großkopf på trommer.

Innhald

Medverkande Manuel Göttsching – gitar, vokal, akustisk gitarar, bass, elektrisk piano, mellotron, synthesiser, congatrommer Rosi Müller – vokal, vibrafon, harpe, tekstar (omtalt som 'Rosi') Harald Großkopf – trommer Dieter Dierks - bass, arrangement, lydmann Heiner Friesz - assisterande lydteknikar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Starring Rosi» frå , den 11. april 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Ash Ra Tempel-album Kategori:Musikkalbum frå 1973