W- og Z- boson (i lag kalla svake boson eller mellomliggande vektorboson) er elementærpartiklar som formidlar svak kjernekraft. Symbola deira er , og . W-bosona har positiv og negativ ladning på 1 elementærladning og er kvarandre sine antipartiklar. Z-bosonet er uladd eller nøytralt og er sin eigen antipartikkel. Dei tre partiklane har alle særs kort levetid med ei halveringstid på kring . Det var ein stor suksess då dei vart oppdaga for det som no vert kalla standardmodellen i partikkelfysikk.

W-boson er kalla opp etter den svake (weak på engelsk) krafta. Fysikaren Steven Weinberg kalla så den siste partikkelen «Z-partikkel»,Steven Weinberg, A Model of Leptons, Phys. Rev. Lett. 19, 1264–1266 (1967) – the electroweak unification paper., mellom anna fordi han hadde null (zero på engelsk) elektrisk ladning.

Dei to W-bosona er dei mest kjende formidlarane av nøytrinoabsorpsjon og emisjon, og ladninga deira er tilknytt elektron- eller positronemisjon. Z-bosonet er ikkje involvert i absorpsjon eller emisjon av elektron og positron.

Z-boson er lettast å kjenne att som ein naudsynt teoretisk kraftformidlar når nøytrinoa vert spreidd «elastisk» frå materie, noko som berre kan skje utan at det vert skapt eller absorbert nye, ladde partiklar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «W and Z bosons» frå , den 15. april 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff The Review of Particle Physics, the ultimate source of information on particle properties. The W and Z particles: a personal recollection by Pierre Darriulat

Kategori:Boson Kategori:Standardmodellen Kategori:Elektrosvak teori Kategori:Gauge-boson Kategori:Partikkelfysikk