Skogsvågen er eit bygdesenter og ein tettstad i Øygarden kommune i Vestland med . I Skogsvågen ligg kommunehuset, idrettshallen Sundhallen, barnehage og aldersheim, samt ein vidaregåande skule.
Skogsvågen ligg 25 kilometer sjøveg sørvest for Bergen.
Kvalfangst Kvalfangst i Skogsvågen har ein lang og unik historie. I “Årbok frå Skogsvåg 2008″ skriv Sverre Sangolt i kapitlet “Kvalvågen, ein arm av Skogsvåg”:
“Kvalvågen er ein sidearm av Skogsvågen, og truleg er det kvalfangsten som har gjort Skogsvåg vide kjent. I engelske og hollandske kart frå slutten av 1600-tallet kan ein sjå at “Scogges wag” er avmerka på vestsida av Sotra."
Kvalvågen startar i Stekasundet og går mot sør, den er 1250 meter lang og rundt 160 meter brei. Namnet kjem av at her har vore avliva kval i uminnelege tider, og den siste vart tatt måndag 20.juni 1960.”
Kjelder
Kval i våg! (u.å.) i: Kvalfestivalen [Internett]. Tilgjengelig frå: http://kvalfestival.no/ Norsk Allkunnebok IX. bandet. 1960 Denne artikkelen bygger på «Skogsvåg» frå , den 19. april 2013.
Kategori:Tettstader i Vestland Kategori:Bygder i Vestland Kategori:Geografi i Øygarden