Lysstyrke for ei lyskjelde i ei gjeven retning er lik forholdet mellom lysstraumen i eit lite romvinkelelement omkring den gjevne retninga og storleiken av romvinkelelementet.

Eininga for lysstyrke er candela (cd) og er ei av grunneiningane i SI-systemet. 1 candela er lysstyrken i ein viss retning frå ei kjelde som sender ut monokromatisk stråling med frekvens 540 · 1012 hertz og med strålingsstyrke i den gjevne retning på 1/683 watt/steradian.

Bruk Lysstyrken til monokromatisk lys med ei viss bølgjelengd λ er gjeven av

der

Iv er lysstyrken i candelas (cd), Ie er strålingsintensiteten i watt per steradian (W/sr), er standard luminositetsfunksjon.

Om det finst meir enn ei bølgjelengd (som vanlegvis er tilfelle), må ein summere eller integrere over spekteret av bølgjelengder for å få lysstyrken:

Sjå òg lysmåling

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Luminous intensity» frå , den 22. april 2013.

lysstyrke. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/lysstyrke

Kategori:Fotometri Kategori:Fysiske storleikar