Odd Dahl () var ein norsk ingeniør og flygar. Trass i særs lite formell utdanning gjorde Odd Dahl ein særs oppsiktsvekkande internasjonal karriere.

Liv og virke Dahl deltok som flygar på Maud-ekspedisjonen til Roald Amundsen, men då flyet havarerte vart han prosessor H. U. Sverdrup sin assistent. I løpet av Maud-ekspedisjonen utvikla Dahl seg til ein særs kompetent instrumentmakar, og denne kunnskapen førte han etter ekspedisjonen var over til ei stilling i 1927 ved Carnegie Institute i Washington D.C., der han arbeidde i lag med norsk-amerikanarane Merle Tuve og L. R. Hafstad og kom tidleg med i kjernefysiske forsking. Her bygde han den til då største Van de Graaff-generator og utvikla instrument for dei første radiokortbølge-målingene av tettleiken av det som på den tid vart kalla Kennelly-Heaviside-laget i den øvre atmosfæren, som i dag er omtala som ionosfæren.

Då Maud-ekspedisjonen var over drog han på ein ekspedisjon til Sør-Amerika som han skildra i boka Med muldyr og kano gjennom tropisk Sydamerika (1927). Like etter at han hadde starta ved Carnegie foretok han ei lengre reise gjennom Irak, Persia og India. Denne reisa er skildra i boka Med bil og husbåt i Asia (1929).

I 1936 vart Dahl invitert til å komme til Christian Michelsens institutt i Bergen. Her bygde han seinare tre Van de Graaff-generatorar og ein betatron. Mellom anna bygde han ein Van de Graff-generator som vart brukt til strålebehandling ved Haukeland sjukehus, og ein ved Universitetet i Bergen for vitskapleg bruk. Anlegget på Haukeland var det til då største medisinske apparat og ein slapp å nytte radium til strålebehandling. Det vart til ved innsamla midlar av Den Vestlandske avdeling av Raudekrossen.

Han hadde den tekniske leiinga ved planlegginga og bygginga av den første kjernereaktoren, JEEP, på Kjeller og konstruerte verdas første kokvassreaktor med tungtvatn i Halden.

Odd Dahl deltok sentralt i dei innleiande internasjonale arbeidsgruppene som førte til opprettinga av CERN og han og var 1953–54 leiar for den gruppa som planla bygginga av proton-synkrontron-maskinen ved CERN-laboratoriet i Genève.

Dahl var òg engasjert i arbeidet med bruk av rakettar for utforsking av den øvre atmosfæren, og var engasjert i oppbygginga av Andøya Rakettskytefelt. Han hadde òg konstruksjonsansvar for Solobservatoriet på Harestua og Haldenreaktoren.

Privat

Dahl var gift to gonger. Han gifta seg med Anna Augusta Selmer Mathiesen (1904-1959), dotter av doktor Johan Berger Mathiesen (1872-1923) og Augusta Selmer (1878-1929), i 1927. Dei fekk sonen Per Dahl, som blei forskar innan akseleratorfysikk.

I 1976 gifta han seg med Elisa Margrethe Munck f. Anthonisen (f. 1903), dotter av konsul Fredrik J.E. Anthonisen (1872-1963) og Marie Boe Christensen (1874-1936).

Prisar og utmerkingar 1931 – Pris frå American Association for the Advancement of Science 1951 – Pris frå Den Norske Ingeniørforening

1926 – St. Olavs Orden for deltakinga på «Maud»-ekspedisjonen 1951 – Æresdoktor ved Universitetet i Bergen 1952 – Kommandør av St. Olavs Orden 1952 – Kommandør av den nederlandske Oranje-Nassau-ordenen 1952 – Medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi 1956 – Medlem av Norges Tekniske Vitenskapsakademi

Filmografi 1926 – Med Maud over Polhavet CMR 2011- Dr. Odd Dahl - praktisk og teoretisk geni

Bibliografi

Kjelder

Kategori:Norske fysikarar Kategori:Norske ingeniørar Kategori:Luftfartspionerar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Æresdoktorar ved Universitetet i Bergen Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Medlemmar av Norges Tekniske Vitenskapsakademi Kategori:Norske flygarar Kategori:Norske kjernefysikarar Kategori:Folk frå Drammen Kategori:Folk tilknytte CERN