Rolf Nordhagen ()Dødsannonse frå Aftenposten var ein norsk fysikar kjend for arbeidet sitt innan informatikk og utviklinga av internett.

Nordhagen var var fødd i Bergen som son av botanikaren Rolf Nordhagen (1894-1979). Han tok Ph.D. i Liverpool i 1958.

Frå 1970 til 1974 var han dosent i kjernefysikk ved Universitetet i Oslo. Han fortsette same stad som EDB-sjef frå 1974 til 1986 og professor i informatikk frå 1986.

Nordhagen var tidleg ute med å ta i bruk elektroniske datamaskinar for innsamling og analyse av data frå kjernefysiske eksperiment. Med dette la han grunnlag for eit datateknisk målelaboratorium ved Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo. Seinare arbeidde han med generelle problem innan datateknologi.

I 2014 blei Nordhagen innlemma i Internet Hall of Fame for arbeidet sitt knytt til utviklinga av internett.

Kjelder

Kategori:Norske fysikarar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske informatikkprofessorar Kategori:Norske informatikarar Kategori:Norske kjernefysikarar Kategori:Vitskapsfolk frå Bergen