Charles Montesquieu (), eller Charles Louis de Secondat, baron de La Brède et de Montesquieu, var ein fransk aristokrat, filosof, forfattar og statsrettsteoretikar. Han hadde ei djuptgripande interesse for politisk styring, fridom og pluralisme. Han vart ein viktig person i opplysingstida.
Sentral verk De l'Esprit des Lois I sitt mest kjente verk De l'Esprit des Lois (Om lovens ånd)C. Montesauieu, De l'Esprit des Lois, Barrillot & fils, 1748., analyserte han lovverket som eit sosialt fenomen og utforma maktfordelingsprinsippet. Ein meiner at dette verket har påverka den franske grunnlovaÉ. Carcassonne, Montesquieu et le problème de la constitution française au XVIIIe siècle, bind 1, Presses universitaires de France, 1927.. De l'Esprit des Lois hausta mykje kritikk frå religiøse og andre konservative krinsar som var redd for endringar og boka vart innført i Index librorum prohibitorum. Som eit svar på denne kritikken publiserte han Défense de l'Esprit des Lois.C. Montesauieu, Défense de l'Esprit des Lois, Barrillot & fils, 1750.
Lettres persanes Eit anna av dei mest kjende verka hans er brevromanen Lettres persanes (Persiske brev), der han kritiserer den franske kongen, rettsvesenet, paven og den katolske kyrkja.C. Montesauieu, Lettres persanes, Pierre Brunel, 1721. For å koma unna sensuren til styresmaktene er romanen skriven som ein fiktiv korrespondanse mellom to persarar, Usbek og Rica som vitjar Paris, og venene deira heime i Persia. Han flettar òg inn kritikk av tilhøva i harema til persarane. Boka kom ut i Amsterdam og Köln våren 1721. Det vart seinare utgjeve fleire redigerte versjonar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Bidragsytarar til Encyclopédie Kategori:Franske filosofar Kategori:Filosofar på 1700-talet Kategori:Rettsfilosofar