Hans Olav Tungesvik () var ein norsk psykiater og politikar frå Skånevik i Hordaland. Han var stortingsrepresentant for Hordaland for Kristeleg Folkeparti i perioden 1977–1985.
Hans Olav Tungesvik tok legeutdanning som han fullførte i 1964. Deretter spesialiserte han seg i psykiatri. Han hadde stilling som fylkespsykiater i Finnmark, sjeflege ved Modum Bad og var dagleg leiar av Frihamn psykiatriske senter i Skånevik. På 1970-talet hadde han radioprogrammet Eit kvarter med legen.
Politisk engasjerte Tungesvik seg opphavleg i Venstre. Etter det opprivande landsmøtet i 1972 gjekk han over til Kristeleg Folkeparti, som han blei stortingsrepresentant for.
Tungesvik sat òg som leiar i Noregs Mållag frå 1965 til 1970 og formann i Folkeaksjonen mot sjølvvald abort frå 1974 til 1975.
Hans Olav Tungesvik var far til senterpartisten Steinulf Tungesvik, som hadde leiarvervet i Mållaget ein periode i 2005, nøyaktig 40 år etter at faren fekk same vervet.
Prisar og utmerkingar
1995: Kulturprisen i Etne 2001 Livsvernprisen av organisasjonen Menneskeverd, med Carl Magnus Edenbrandt. 2007: Kongens fortenestmedalje i gull
Kjelder
Kategori:Norske radiostemmer Kategori:Norske psykiatrar Kategori:Leiarar av Noregs Mållag Kategori:Målfolk Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Norske abortmotstandarar Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Folk frå Etne Kategori:KrF-politikarar i Hordaland