Max Havelaar er ei merkeordning for rettferdig handel («fairtrade»). Merkeordninga vart første gong oppretta i 1988, etter eit samarbeid mellom den nederlandske bistandsorganisasjonen Solidaridad og meksikanske kaffibønder. I dag har det vorte starta opp lokale Max Havelaar-ordningar i over 20 land, og marknaden for «fairtrade-varer» er sterkt stigande.
Organisasjonen Max Havelaar har ingen innteningsføresetnader, og driv ikkje handel med varer. Merket er eit «hjelp-til-sjølvhjelp»-merke, som garanterer for at bøndene har fått ein rimeleg pris for varene dei produserer. I tillegg til det vert det òg teke miljøomsyn i dei fleste tilfelle (sjølv om det ikkje er eit kriterium). På mange område får bøndene høgare pris for økologisk produserte varer, for å avgrense utbreiinga av industrialisert jordbruk som byggjer på monokulturar. Det skal òg hjelpe bøndene til å bygge sin eigen økonomi på fleire varer, for å gjere dei mindre sårbare for svingingar i den internasjonale marknaden.
Kven var Max Havelaar? Utvida artikkel om romanen Max Havelaar
Max Havelaar var ein romanfigur frå ei sjølvbiografisk bok skriven av nederlendaren Eduard Douwes Dekker (1820-1887) i 1870. Dekker engasjerte seg kraftig i korleis nederlendarar behandla dei lokale innbyggarane i Indonesia, som den gongen var ein nederlandsk koloni. Forfattaren sjølv laut flykte frå Nederland, og boka (som vart skriven under pseudonymet Multatuli, som tyder eg har lidd mykje) vart trekt frå den nederlandske bokmarknaden kort etter at ho vart utgjeven. Boka vart ikkje offentleg tilgjengeleg igjen før om lag 60 år seinare, og i 1974 vart boka filmatisert.
Boka om Max Havelaar vert i dag rekna som ein nederlandsk klassikar, og er obligatorisk lærestoff i nederlandsk skule.
Max Havelaar i Noreg Eit av dei landa som hadde størst vekst innan rettferdig handel i 2005 var Noreg. Her vart ordninga starta opp i 1997, som eit samarbeid mellom tolv organisasjonar: Det Kongelige Selskap for Norges Vel Framtiden i våre hender Kirkens Nødhjelp Handel og Kontor Norges Bondelag Redd Barna Kirkerådet World Wildlife Fund Noreg Norsk Folkehjelp Frikirkens Globale Informasjon Alternativ Handel Norsk Næring- og Nytelsesarbeiderforbund
Max Havelaar Noreg har eit sekretariat på fire personar. Dagleg leiar er Ragnhild Hammer (pr. 2005).
Max Havelaar-merkte produkt på den norske daglegvaremarknaden (pr. 2005) Det første produktet som vart distribuert under det norske Max Havelaar-merket var Farmers Coffee, frå Joh. Johansen.
Type produkt Namn på produktet Produsent og leverandør Kaffi Farmer's Coffee Joh. Johannsen Garantert god handel Kaffehuset Friele Malongo Kaffe Zinzino Kaffibønnene vert kjøpte av guatemalske kaffibønder tilknytte organisasjonen Fedecocaguas Appelsinjuice Farmer's Appelsinjuice Lerum Garantert god handel Lerum Begge Max Havelaar-juicane vert produsert av konsentrat frå Coagrosol i Brasil. Sjokolade Yoretta Helios Contessa Helios Bonita Helios Nero Helios Maya Gold Green & Blacks Melkesjokolade Kung Markatta Nougat Kung Markatta Hasselnøtt Kung Markatta Mørk sjokolade Kung Markatta All Max Havelaar-merkt sjokolade er i tillegg økologisk, men er berre tilgjengeleg gjennom helsekostbutikkar. Te Yellow Ceylon Confetta Earl Grey Confetta Green China Confetta Eple og Kanel Simon Lévelt Grønn Te Simon Lévelt Mango og Appelsin Simon Lévelt All te som er Max Havelar-merkt er i tillegg økologisk Banan Økologiske Bananer Bama-gruppen Økologisk dyrka bananer frå Den dominikanske republikken. Vert seld i eigne posar og er i tillegg Debio-merkte. Middagsris Farmer's Rice Unil AS Parboiled (forvella), langkorna ris dyrka i Tha Rua i Thailand.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad for Max Havelaar Norge Kirkens Nødhjelp om fairtrade (PDF-dokument)
Kategori:Internasjonal politikk Kategori:Nord-sør-problematikk Kategori:Handel Kategori:Landbruk Kategori:U-land Kategori:Rettferdig handel Kategori:Merkeordningar Kategori:Skipingar i 1988