Skreiabanen gjekk ifrå Reinsvoll til Skreia og var ein sidebane til Gjøvikbanen. Banen opna 26. november 1902. Opphavleg var ideen at Gjøvikbanen skulle følge delar av Skreiabanens trasé, men dette vart endra grunna sterke industriinteresser på Raufoss og i Hunndalen. Passasjertrafikken vart lagt ned i 1963, men godstrafikken heldt fram til 1987. På midten av 1990-talet vart skjenegangen fjerna og gjort om til gang- og sykkelveg med unnatak av strekninga frå Reinsvoll til Bøverbru kalkverk, som er behalde til eventuell framtidig bruk.
Samtlege ekspedisjonsbygningar, godshus og uthus er teikna av Gjøvikbanens arkitekt Paul Due. Det same er òg lokstall og vognremisse på Skreia. Due har veksla mellom ulike stilartar, slik at bygningsmassen på Skreiabanen framstår som særs variert, men med høg arkitektonisk kvalitet. F.eks. er Lena og Kraby i typisk jugendstil, medan Skreia stasjon ikkje er bordtekt og har meir preg av drakestil.
Linjekart
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Skreiabanen» frå , den 8. mai 2013.
Litteratur
Bakgrunnsstoff Skreiabanen i openstreetmap.org
Kategori:Nedlagde jarnbanestrekningar i Noreg Kategori:Jarnbanestrekningar opna i 1900 Kategori:Jarnbanestrekningar nedlagde i 1957 Kategori:Jarnbanestrekningar i Innlandet Kategori:1900 i Noreg Kategori:1957 i Noreg