Tinnosbanen er frå 2008 Jernbaneverket si nemning på jernbanestrekninga mellom Tinnoset og Hjuksebø. Før 2008 var Tinnosbanen berre den 30,0 km lange strekninga mellom Notodden og Tinnoset, medan heile strekninga frå Tinnoset til Hjuksebø var ein del av Bratsbergbanen. Strekninga mellom Notodden og Hjuksebø blir betent av NSBs linje 52.

Strekninga mellom Nesodden og Tinnoset er freda av Riksantikvaren.http://www.jernbaneverket.no/no/Nyheter/Nyhetsarkiv/2012/Setter-i-stand-bygningane-langs-Tinnosbanen/ Jernbaneverket I 2015 vart Tinnosbanen innskrive på UNESCO si verdsarvliste som ein del av Rjukan-Notodden industriarv.

Historikk Tinnosbanen, som opphavleg gjekk frå Notodden brygge ved Heddalsvatnet, vart bygd som privatbane av Norsk Transportaktieselskap. Han vart bygd som delstrekning for å transportere kunstgjødsel frå Norsk Hydro sin fabrikk på Rjukan til hamna i Skien. Første tog kjørte frå Notodden til Tinnoset 18. februar 1909, banen vart offisielt opna 9. august same år.

Banen vart ferdig elektrifisert 11. juli 1911 og er Norges første elektrifiserte normalspora jernbane. Den opphavlege transportkjeda var: Rjukanbanen, jernbanestrekninga frå Rjukan til Mæl, 16 km Tinnsjø jernbaneferje frå Mæl til Tinnoset, 30 km Tinnosbanen frå Tinnoset til Notodden, 34 km Telemarkskanalen frå Notodden til Skien, 54 km med lekterar

I 1917 vart Bratsbergbanen opna mellom Notodden og Borgestad, og erstatta lektertrafikken mellom Skien og Notodden. Notodden nye stasjon, som vart bygd i 1917, vart ikkje teken i bruk før den nye jernbanestrekninga vart opna.

Frå 1. juli 1920 til 1. juli 1955 tilhøyrte denne strekninga (saman med strekninga Notodden-Porsgrunn) statsbaneselskapet Tinnoset-Porsgrunnbanen (banemerke T.P.B.). Frå 1. juli 1955 vart heile strekninga ein rein statsbane. Den 1. januar 1991 vart persontrafikken lagt ned på strekninga, og 5. juli same år godstrafikken etter at kunstgjødselproduksjonen på Rjukan hadde blitt nedlagt.

Jenbaneverket har teke til å oppgradere Tinnosbanen mellom Tinnoset og Notodden slik at linja skal bli køyrbar. Dette skjer på bakgrunn av at Riksantikvaren 17. juni 2008 tilrådde at anlegga Rjukan – Notodden blir tekne opp i den tentative lista for UNESCOs verdsarvliste.

Linjekart

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tinnosbanen» frå , den 9. mai 2013.

Referansar

Jernbaneverket: Network Statement 2012 – Linjestigninger og fall Tinnosbanen i openstreetmap.org

Bakgrunnsstoff

Privat side om Tinnoset

Kategori:Jarnbanestrekningar i Telemark Kategori:Verdsarv i Noreg Kategori:1909 i Noreg Kategori:Jarnbanestrekningar opna i 1909 Kategori:Kulturminne i Notodden