2. divisjon fotball for kvinner er den tredje øvste divisjonen i norsk fotball for kvinner. Fram til 2000 vart dette nivået administrert av fotballkrinsane, men etter at 1. divisjon vart ein landsdekkande serie, vart 2. divisjonsavdelingane slått saman og tok over forma til den gamle 1. divisjon. Frå 1987 til 1995 var dette nivået 3. divisjon.

To lag rykkar opp til 1. divisjon; nedrykk til 3. divisjon vert avgjort i samarbeid med dei råka fotballkrinsane.

Reservelag (andrelag) kan spele i 2. divisjon, men kan ikkje rykke opp.

Avdelingar

Avdeling 1: Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark og Oppland Avdeling 2: Buskerud, Telemark, Vestfold og Sørlandet Avdeling 4: Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane Avdeling 6: Møre og Romsdal og Trøndelag Avdeling 7: Helgeland og Salten (Nordland krins) Avdeling 8: Ofoten, Lofoten, Vesterålen og Sør-Troms (Hålogaland krins) Avdeling 9: Nord-Troms og Midt-Troms (Troms krins), og Finnmark

Avdeling 3 og 5 eksisterer ikkje lenger, då dei har gått inn i avdeling 4 og 6. Avdelingsnumra vart sett opp i 2001 og har ikkje blitt endra sidan.

Avdeling 1, 4, og 6 har tolv lag. Avdeling 2 har ti lag, medan dei øvrige avdelingane er avhengig av lokal påmelding. I Nordland er 2. divisjon det lågaste nivået i regionen.

Sluttspel

De seks beste laga i divisjonen speler eit sluttspel om to plasser i neste års 1. divisjon.

Gruppe A Vinner avdeling 1 Vinner avdeling 6 Vinner sluttspel avdeling 7–9 Gruppe B Toer avdeling 1 Vinner avdeling 2 Vinner avdeling 4

Gruppevinnaren rykker opp. Laga i gruppa møter kvarandre éin gong kvar, der trekning avgjer retten til heimebane og rekkefølgja av kampane. Visst det ikkje er mogeleg å vinne gruppa for nokon av laga i den siste kampen blir ikkje kampen avvikla.

Historie

År Opprykk Kvalifisering 2012 LynKaupanger Tynset, Hardhaus Øvrevoll Hosle, Urædd 2011 KongsvingerÅsane Tromsdalen, Sunndal Raufoss, Urædd 2010 Sarpsborg 08Avaldsnes Sunndal, Tromsdalen Kongsvinger, Urædd 2009 VålerengaSola Byåsen, SortlandUrædd, Lillehammer 2008 AltaOrkla Borgen (Kløfta) SolaEik-Tønsberg og Vålerenga 2007 GjøvikVoss Alta, Orkla Fossum (Skien), Vålerenga 2006 Skjetten, TromsdalenDonn, Linderud-Grei RanheimSola 2005 Manglerud StarHaugar Orkla, TromsdalenSkjetten, Donn 2004 Grand BodøKaupanger Linderud-Grei, TræffSkjetten, Donn 2003 FartBamble Ranheim, Grand BodøNymark, Vallset 2002 KattemAmazon Grimstad Vallset, InnstrandenKaupanger, Storhamar 2001 SkeidGjelleråsen Innstranden, HerdNymark, Fossum (Skien)

Opprykkslaga står i same rad som dei laga dei slo ut i sluttspelet. I 2008 skulle 1. divisjon utvidast til tolv lag, og dei to dårlegaste laga i 1. divisjon vart òg invitert til kvalifiseringa. I 2006 vart Toppserien utvida til tolv lag, og det vart då to ledige plasser i 1. divisjon som vart fylt opp nedafrå.

Kjelder RSSSF Noreg

Kategori:Fotballseriar i Noreg