Kinetikk er i fysikk og ingeniørvitskap ei grein innan klassisk mekanikk som omhandlar forholdet mellom rørsla til lekamar og kva som skapar dei, nemleg krefter og dreiemoment.kinetics. Encyclopedia Britannica Online Kinetikk må ikkje forvekslast med kinematikk, som er studiet av rørsle utan å ta omsyn til kva som skapar rørsla, og som er ei eiga grein i klassisk mekanikk.
Sidan midten av 1900-talet har ein i stor grad nytta «dynamikk» (eller «analytisk mekanikk») i staden for «kinetikk» i lærebøker om fysikk, men «kinetikk» vert framleis mykje nytta innan ingenørvitskap.
I mekanikk vert kinetikk utleia frå kinematikk ved å innføre omgrepet masse.
I plasmafysikk syner kinetikk til studiet av kontinuum i snøggleiksrom. Dette finn ein som regel i samanhengar som omhandlar ikkje-termale (ikkje-maxwellsk) fartsfordelinga, eller prosessar som perturberer varmefordelingar.
Omgrepet kinetikk vert òg nytta i kjemisk kinetikk, særleg innan kjemikalsk fysikk og fysikalsk kjemi.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kinetics» frå , den 17. mai 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Dynamikk