Høddvoll stadion (innvigd 1963 i Ulsteinvik) er eit idrettsstadion og den gamle heimebanen åt IL Hødd sitt A-lag.

Då gjesta og gav Hødd det tredje heimenederlaget sitt nokon sinne (tap 2-3) den 7. mai 1965, vart det sett publikumsrekord med 7 500 tilskodarar, den førre var frå året før då 6 900 tilskodarar såg besøket frå . Den endelege rekorden kom til kvartfinalen i Noregsmeisterskapen i fotball for herrar 1981, då over 12 000 billetter var trykte og seld, medan der var endå fleire som kom inn gratis, sjølv om laget tapte mot Vålerengen med 1-2. Oppmann Severin Myklebust hadde i forkant trudd på rundt 7 000 selde billettar. Eit overbygg for tribune kom i 1992, og då Hødd spelte i Tippeligaen 1995 var her komen ny ståtribune, og i 1999 nytt gras og tartandekke. Hødd var spesielt frykta heime på Høddvoll, blant anna på grunn av det påståtte ujamne underlaget på banen. Kapasiteten er i dag tilskodarar, der 2 600 er seter og 1 733 er ståplassar.

18.juli 2013 vart ein ny merkedag for Høddvoll då stadion blei brukt i Europaliga kvalifiseringa mot Aktobe.

No er ikkje Høddvoll lenger i bruk som fotballstadion for a-laget, sidan Nye Høddvoll vart klar til sesongstarten 2015.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Høddvoll stadion på Hodd.no Høddvoll stadion på "www.stadionsiden.com"

Kategori:Fotballstadion i Møre og Romsdal Kategori:Ulstein kommune