mini|Cream tea i Bourton-on-the-water i 1990.

Ettermiddagste er eit lett måltid og te-rituale av britisk opphav. Måltidet består av te, bakverk, gjerne også brødmat og søtmat, og blir servert på fint servise. Det tradisjonelle tidspunktet for måltidet er mellom klokka 15 og 17.English Tea Party, joyofbaking.com Ein kan ha ettermiddagste heime, som del av eit teselskap eller bestilla det i serveringsstader fleire stader i verda.

Namn mini|Cream tea med scones, smør, syltetøy og clotted cream. På engelsk kan ein kalla måltidet afternoon tea, high tea, low tea eller berre tea. Dei opphavlege nemningane er «afternoon» eller «low», etter tidspunktet ein pleier servera måltidet eller dei låge borda ein tradisjonelt åt det ved. «High tea» viste opphavleg til middagsmat servert ved høgare bord, men blir i dag også brukt om dette måltidet,T.d. High Tea at The Victoria Room i Australia. truleg på grunn av dei høgtidelege konnotasjonane. Middag kan framleis heita «tea» på nokre engelske dialektar.

Ein kan vidare skilja mellom full tea, eit komplett måltid med brødmat og dessert, light tea, der ein et scones og noko søtt, og cream tea, med scones, syltetøy og krem, då gjerne i form av clotted cream (tjukna fløyte).History of High Tea - History English Afternoon Tea

Historie mini|Tea and Tennis (ca. 1880). Måleri av Edward Frederick Brewtnall. Ettermiddagste utvikla seg som eit eige måltid på 1800-talet, då tedrikking var blitt utbreidd i England og overklassen hadde middagsmåltidet sitt seint om kvelden. Ei utbreidd opphavssoge seier at hertuginne Anna av Bedford fann opp måltidet då ho fekk te og noko å bita i sendt opp til rommet sitt i den lange perioden før middag. Dette blei ein skikk ho inviterte vennar til. Etterkvart utvikla ettermiddagsteen seg til ein elegant affære med mange retter og serveringsutstyr. Særleg sosietetskvinner kledde seg opp og vitja kvarandre i små teselskap. Då dronning Viktoria byrja halda slike selskap blei dei større og meir formelle.What Is Afternoon Tea, afternoontea.co.uk

Restaurantar tilknytte fine hotell byrja også å servera ettermiddagste. Den første ettermiddagsteen for «allmugen» blei servert ved Langham Hotel i 1865. Etterkvart som det britiske overklasselivet med mange tenarar endra seg, blei slike serveringsstader dei vanlegaste stadene å ha full ettermiddagste. Den enklare forma cream tea kan ein få både på eksklusive og mindre «fine» stader. Ein kan elles arrangera ettermiddagste i samband med dåp, bryllaup eller andre festlege høve.

Skildring mini|Full ettermiddagste på eit etasjebrett med frukt, sandwichar og kaker servert som «high tea» på Sri Lanka.

Ettermiddagste består av te, ofte brygga med lause blad i ei tekanne av metall eller porselen. I kaféar og restaurantar som serverer slike måltid vil ein ofte kunne velja mellom fleire ulike typar te.Anne Bergseng, Trendy med ettermiddagste i London, VG.no (11.12.10) Ein kan sjølv blanda sitron eller sukker og mjølk i teen.

Hovudretten i det fulle måltidet er som regel snittar i form av sandwichar som kan ha avskorne skorper og vera delte i små rektangel eller trekantar. Desse kan ha fyll som agurk, egg, ost, skinke, laks, gjerne blanda med majones eller med tilbehøyr som engelskkarse. Ved sidan av eller i staden for brødskiver kan ein ha crumpetar eller scones til teen. Desse blir som regel serverte saman med jordbær- eller bringebærsyltetøy og smør eller krem.Traditional Afternoon Tea , theritzlondon.com

Kaker som er typiske for ettermiddagste er Victoria sponge (sukkerbrød pynta med melisdryss), battenbergkake, fruktkake, muffins og cupcakes. Ein kan også ha kjeks, som shortbread eller rich tea biscuit, til teen. Lemon curd, ein slags kompott av sitron, er anna vanleg tilbehøyr. Elles står ein relativt fritt til å velja tilbehøyr, og nyare retter som mousse og ostekake er også populære.

Ettermiddagste på visse serveringsstader kan verka eksklusivt og luksuriøst, noko som blir forsterka av nyskapinga «sjampanjete» og liknande, der ein serverer sjampanje eller musserande vin saman med måltidet.

Den beste ettermiddagsteopplevinga i London blir kåra årleg i The Tea Guild Awards.Anne Bergseng, Her får du Londons beste te, VG.no (15.04.13)

Ettermiddagste i kulturen Temåltidet gav namn til ein ny type laus og luftig kjole, tea gown ('tekjole'), typisk brukt utan korsett.Terminology: What is a tea gown?, thedreamstress.com Dette var ein mindre formell klesdrakt på 1800- og tidleg på 1900-talet som ein kunne bera heime og i mindre teselskap.What Are Tea Gowns?, wisegeek.com Kjolen tilhøyrde ei rørsle kjend som Artistic dress som kjempa for enklare, meir naturlege klede enn det som var vanleg i samtida. Uttrykket tea gown eller tea dress blir framleis brukt på engelsk om lange eller halvlange kjolar som passar til fine høve, men ikkje er altfor formelle.The Tea Gown , simplybridal.com

Ettermiddagste som britisk institusjon er nemnd av ei rekkje forfattarar, mellom anna i to berømte linjer av Rupert Brooke i diktet «The Old Vicarage, Grantchester», skrive i 1914, under den første verdskrigen:

I «Afternoon Tea» av The Kinks frå 1967 blir saknet etter ein kjærast gjeve uttrykk gjennom kor annleis ettermiddagsteen vil bli:

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Måltid Kategori:Britisk mat