thumb|right|Kockums Jernverk i Kallinge, tidleg på 1900-talet Kallinge er ein tettstad i Ronneby kommun i Blekinge län i Sverige. Han ligg ved E 22 rett nord for Ronneby. I 2005 hadde tettstaden 4 561 innbyggjarar.

Kockums Jernverk låg her, men vart lagd ned i 1991. Det svenske luftforsvaret sin veng F 17 Kallinge ligg her, den vert delt med Ronneby flygplats.

Staden vart skipa under siste halvdel av 1800-talet, då Örmo Bruk vart flytta frå Konga i Småland til fossen ved Kallinge. Kallinge bestod opphavleg av to bygder, Häggatorp på vestsida av elva Ronnebyån, og Kalleberga på austsida.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Kallinge Bibliotek Kallinge S-förening Luftfartsverket – Ronneby Flygplats F17 – Blekinge flygflottilj – Kallinge Hemb. och Folkdansgille

Kategori:Tettstader i Blekinge län