Pierre Curie () var ein fransk vitskapsmann, gift med Marie Curie som han delte eine halvdelen av Nobelprisen i fysikk med i 1903, for å ha oppdaga grunnstoffa radium og polonium. Han gjorde banebrytande arbeid innan krystallografi, magnetisme, piezoelektrisitet og radioaktivitet.

Livssoge Curie var fødd i Paris. Han fekk undervising heime av far sin, og utvikla tidleg ei interesse for matematikk og geometri. 18 år gammal blei han laboratorieassistent ved Sorbonne. Der studerte han mellom anna oppbygginga av krystallar. Saman med broren Jacques oppdaga han piezoelektrisiteten.

I 1894 møtte han Marie Sklodowska. Dei gifta seg eitt år seinare og byrja eit fruktbart forskingssamarbeid som mellom anna førte til oppdaginga av to nye radioaktive grunnstoff, polonium og radium. Ved hjelp av magnetiske felt på strålinga frå radium påviste Pierre partiklar som var elektrisk positive, nøytrale og negative. Ernest Rutherford gav dei seinare nemningane alfa-, beta- og gammastrålar.

Pierre Curie blei lektor ved Sorbonne i 1900 og professor i 1904. I 1906 blei han påkøyrd i rue Dauphine i Paris og døydde momentant.

Ettermæle I 1910 vedtok radiologar å kalla opp radioaktivitetseininga curie etter Pierre Curie. I 1944 blei det nylaga grunnstoffet curium kalla opp etter ekteparet Curie. I 1995 blei oska av Pierre og Marie lagt til kvile i Panthéon i Paris, der dei mest heidra franskmennene ligg.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pierre Curie» frå , og «Pierre Curie» frå den 6. november 2005. Delar av denne artikkelen bygger på «Curium» frå , den 10. oktober 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Grunnstoffoppdagarar Kategori:Folk frå Paris Kategori:Franske nobelprisvinnarar Kategori:Fysikarar på 1800-talet Kategori:Franske kjemikarar Kategori:Franske fysikarar Kategori:Radioaktivitet Kategori:Døde i trafikkulukker