Sigrun Johanne Eng () er ein norsk politikar fødd i Sør-Fron som representerte Buskerud fylke og Arbeidarpartiet på Stortinget i tida 1993-2009.

Eng er utdanna gartnar og blomsterdekoratør, og arbeidde som sjølvstendig næringsdrivande på Gol frå 1978 til -96. Ho var medlem av Gol kommunestyre 1983-91, dei fire siste åra som medlem av formannskapet.

I 1993 vart Eng vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet, og vart sidan attvald tre gongar. Ho var medlem av Næringskomiteen i den fyrste og den siste fireårsperioden ho hadde sete på Stortinget. I dei mellomliggjande åtte åra, 1997-2005, var ho medlem av Samferdslekomiteen.

Etter ho forlet Stortinget, dreiv Eng vidare blomsterforretninga si på Gol.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Lokalpolitikarar i Gol Kategori:Ap-politikarar i Buskerud Kategori:Folk frå Sør-Fron Kategori:Folk frå Gol