mini|Mann på kamel med vid, kvit padjama. Padjama er ei vid, laus bukse frå Sør- og Sentral-Asia som dannar utgangspunkt for vestleg pysjamas.The Oxford English Dictionary. 1989 edition. Oxford University Press. Oxford and London.
Padjama blir som regel laga i eit einsfarga stoff av bomull eller silke. Dei er festa med snor i livet. Dei kan brukast av menn og kvinner. Padjama blir brukt saman med ein overdel som kurta eller liknande. Dei er brukte som kvardags- og festklede i Afghanistan, Pakistan og delar av Iran og India, særleg Nord-India. Kleda er særleg knytt til muslimar, men kan brukast av alle sørasiatiske folkegrupper.
Padjama skil seg frå bukser som salvar eller tsjudidar ved at dei ikkje smalnar eller smalnar lite nedst, men heng laust over ankelen. Dei er luftige plagg som kan brukast i varme klima, samstundes som dei sit godt fast og høver godt til manuelt arbeid, riding og liknande.
mini|Nederlandsk misjonær i laus bukse (kanskje padjama) og dokke i vestleg stripete pysjamas på 1930-talet.
Ordet «padjama» kjem frå persisk pāyjāmeh (پايجامه) av pāy 'bein' og jāmeh, 'klede'. Det blei lånt inn i engelsk frå hindustani under den indiske kolonitida. Britane tok i bruk lause bukser med snor i livet og ein skjorteoverdel som nattklede, og denne pysjamasen eller pysjen blei etterkvart populær som nattdrakt over store delar av verda.
På 1920-talet blei strandpysjamas ein populær mote for kvinner, som eit av de første døma på at bukser blei akseptert klesdrakt for kvinner i vestleg drakttradisjon.
Kjelder
Strandpyjamas (2009, 15. februar), Store norske leksikon. Henta 7. juli 2013. Kurta Pyjama , eweltd.com. Henta 7. juli 2013. CLOTHING xiv. Clothing of the Hazāra tribes, Encyclopædia Iranica, iranicaonline.org.
Kategori:Afghanske klede Kategori:Indiske klede Kategori:Iranske klede Kategori:Pakistanske klede Kategori:Bukser Kategori:Ord av persisk opphav Kategori:Ord frå hindi Kategori:Ord frå urdu