mini|Fire flasker øl frå Mikkeller. Mikkeller er eit dansk mikrobryggeri.

Bryggeriet vart grunnlagd av Mikkel Borg Bjergsø og Kristian Klarup Keller i 2006 og frå 2007 vart det drive av Borg Bjergsø åleine. Same år vart det kåra til årets danske mikrobryggeri av Danske Ølentusiaster.PDF -Pressemelding fra Danske Ølentusiaster - Lese 9. juli 2013 Denne tittelen vann dei igjen i 2008.Årets Bryggeri 2008: Mikkeller - Beer Ticker. Lese 9. juli. I 2012 kom bryggeriet på 16. plass på rangeringa over dei beste bryggeria i verda på rankingsida RateBeerBest Brewers In The World 2012 - RateBeer. Lese 9. juli 2013, etter å ha nådd ein 13. plass i 2010.Best Brewers In The World 2010 - RateBeer. Lese 9. juli 2013

Mikkeller er delvis eit såkalla nomadebryggeri, det vil seie at det ikkje eig eigne bryggerilokale, men leiger bryggeutstyr på andre bryggeri. Bryggeriet har brygga øl i blant anna Danmark, Noreg, Belgia, Storbritannia og USA. I Norge har dei brygga hos Nøgne ØMikkeller Beer Geek Breakfast - RateBeer. Lese 9. juli 2013 og Lervig Aktiebryggeri.Mikkeller brygger med Lervig - Lervik Aktiebryggeri. Lese 9. juli 2013

I 2010 opna «Mikkeller Bar» på Vesterbro i København. I mars 2013 blei Mikkeller sin andre ølbar, «Mikkeller & Friends», opna i Stefansgade på Nørrebro.WHAT’S ON - Mikkeller. Lese 9. juli 2013 Dei har også varsla at dei vil opne ein bar i San Francisco i løpet av 2013.Mikkeller opening a bar in San Francisco - Beer Pulse. Lese 9. juli 2013

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Mikkeller» frå , den 14. juli 2013.

Bakgrunnsstoff Mikkeller.dk – Bryggeriet si heimeside.

Kategori:Bryggjeri