Pointe de Ronce er eit 3 612 meter over havet høgt fjell i departementet Savoie i Frankrike. Fjellet er det høgste i Mont Cenis-massivet i Dei graiiske Alpane og reiser seg på austsida av Maurienne-dalen, få kilometer frå landegrensa mot Italia. På nordaustsida av Pointe de Ronce er det store isbrear opp langs fjellsidene. Sør for fjellet er eit over 6 km² stort, kunstig fjellvatn.

Fjelltoppen vart nådd fyrste gongen den 15. juli 1784. Den franske botanikaren og meteorologen Robert de Lamanon kleiv då til topps saman ein hjelpesmann, Bouvier.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Punta di Ronce» frå , den 17. juli 2013.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Frankrike Kategori:Savoie