Ventimiglia er ein by og ein kommune i provinsen Imperia i Liguria-regionen, heilt vest i Italia. Kommunen har i kring 24 000 ibuarar og eit areal på 54 km². Kystbyen Ventimiglia ligg ved Liguriahavet, sju kilometer frå grensa mot Frankrike i vest.
Ventimiglia ligg på den italienske rivieraen, med jarnbane 130 kilometer sørvest for Genova. Byen ligg kring ei lita hamn ved munninga av elva Roia, som deler bykjernen i to.
Byen er over 2000 år gammal, og rik på historiske minne.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ventimiglia» frå , den 18. juli 2013.
Kategori:Byar i Liguria