Søndre Enningdalen kyrkje er ei langkyrkje frå 1956 i Halden kommune i Østfold fylke. Byggverket er i tre og har 100 plassar. Tilkomst til staden er via fylkesveg 22.
Det har stått kyrkjer på staden — som ligg berre eit par kilometer frå grensa til Sverige — sidan mellomalderen, men i 1793 vart ny kyrkje oppført ved Prestebakke. Likevel vart den gamle kyrkjegarden halden i hevd, og i 1950-åra kom det ny kyrkje på Kirkebøen.
Skrivemåten varierer: Namnet vert skrive med eller utan «Søndre» og i ubestemt eller bestemt form (Enningdal / Enningdalen). Somme omtalar kyrkja framleis som kapell, sjølv om ho offisielt vert kalla kyrkje. Også det lokale fellesrådet er inkonsekvent. Den offisielle skrivemåten, som vart vedteken av bispedømmerådet i 2010, er «Søndre Enningdalen kirke». Namnet «Enningdal kirke» vert elles ofte nytta i "eldre" litteratur om Prestebakke kyrkje.
Altartavla vart måla av Anna Vigen (1869–1954) frå garden Vigen ved Kornsjø. Ei altartavle frå ei av dei tidlegare kyrkjene står i dag i Nössemark kyrkje på svensk side av grensa.Skauge og Stumberg (2010), s. 177.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Lokalhistoriewiki – Enningdalen kirke Kirkesøk – Søndre Enningdal kirke Idd og Enningdalen historielag – Enningdalen kapell
Kategori:Kyrkjer i Halden Kategori:Kulturminne i Halden Kategori:Kyrkjer i Søndre Borgesyssel prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1956 Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme