Nasjonalarkivet i Kongsberg, Frogs vei 44, er ein del av Nasjonalarkivet og har fylka Buskerud, Vestfold og Telemark som embetsdistrikt. Nasjonalarkivet i Kongsberg var eit av åtte statsarkiv, og blei oppretta i 1994 som det yngste statsarkivet i landet. 1. januar 2026, i samband med ny arkivlov, blei namnet endra til Nasjonalarkivet i Kongsberg.
Arbeidsoppgåver i Nasjonalarkivet i Kongsberg Nasjonalarkivet i Kongsberg tek imot og gjer tilgjengeleg arkivmateriale frå den lokale og regionale statlege forvaltinga i distriktet sitt. Arkivet har ansvar med å føre tilsyn med arkivtilhøva i offentleg forvalting og i den kommunale sektoren. Dei hjelper òg til med rettleiing og gir råd. Ei viktig oppgåve er å spreia informasjon og kunnskap om arkivet og arkivmaterialet dei oppbevarer. Nasjonalarkivet i Kongsberg arbeider også for å ta vare på verneverdige private arkiv. Alt i alt utgjer arkiva ved Nasjonalarkivet i Kongsberg i overkant av 14 000 hyllemeter.
Statsarkivarar i Kongsberg Statsarkivartittelen blei avskaffa i samband med arkivlova som trådde i kraft 1. januar 2026.
1994–2025: Nils Johan Stoa (1951–)
Arkiv Nasjonalarkivet i Kongsberg har fire bidrag på lista over Noregs dokumentarv: Andebu kyrkjebok (1623–1738), den eldste kyrkjeboka i landet Arkivet etter Telemarkskanalene (1854–1980) Arkivet etter Kongsberg Våpenfabrikk (1824–1987) Arkivet etter Larvik grevskap (1671–1821)
Publikasjonar Statsarkivet i Kongsberg. Dokumentene forteller (Riksarkivaren, skriftserie 26, 2006)
Bakgrunnsstoff
Statsarkivet i Kongsberg på Lokalhistoriewiki Digitalarkivet Norges dokumentarv
Referanser
Kategori:Nasjonalarkivet Kategori:Arkiv i Noreg Kategori:Styresmakter i Buskerud