Holmgill kyrkje er ei langkyrkje frå 1902 i Aremark kommune i Østfold fylke. Namnet vert ofte skrive «Holmegil», men offisiell skrivemåte er «Holmgill».

Arkitekt er Halfdan Berle. Kyrkja vart oppført i tre og vigsla 27. februar 1902. Ho har 240 sitjeplassar og vart titulert som kapell i byrjinga. Tomt, materialar og midlar til oppføring av kyrkja (kapellet) vart gjeve av familien Anker.

På kyrkjegarden står eit bårehus frå 1985.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kyrkjesøk – Holmegil kirke

Kategori:Kyrkjer i Aremark Kategori:Kulturminne i Aremark Kategori:Kyrkjer i Østre Borgesyssel prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1902 Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme