Fåberg kyrkje er ei krosskyrkje frå 1727 i Lillehammer kommune, Oppland fylke.
Bygningen er av tømmer og har 370 sitjeplassar. Det er ei krosskyrkje, slik dei fleste kyrkjene vart bygde på 1700-talet i Gudbrandsdalen, inspirert av domkyrkja i Oslo. Fåberg er den einaste med tårnet i vest; dei andre har sentraltårn. Ein trur at det kan vere den lokale byggmeisteren Svend Olsen Traaseth som var byggmeister for kyrkja. Han bygde sidan fleire kyrkjer i Gudbrandsdalen og Valdres.
Kyrkja vart modernisert på 1800-talet: Interiøret vart forenkla og veggane kvitmåla. Ved ei restaurering i 1956 vart kyrkja ført tilbake til sin gamle stil.
Døypefonten av kleberstein er frå 1100-talet. Altartavla har eit bilete som er måla av Fåberg-målaren Ole Larsen Smerud. Han hadde fått målaropplæring i København, der han var kongeleg våpenmalar. Måleriet av Jesus på krossen vart gjeve som gåve til kyrkja i 1810.
To portalar frå den gamle stavkyrkja i Fåberg er oppbevart på Kulturhistorisk museum i Oslo. Eit krusifiks frå mellomalderen er på Maihaugen. Den gamle almissetavla frå kyrkja frå 1668 er no i Garmo stavkyrkje på Maihaugen.
På kyrkjegarden finn ein mellom anna to krigsgraver for allierte soldatar (Commonwealth War Graves) frå fyrste verdskrig, og nord for kyrkja er ein runestein som vart funnen i området.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fåberg kyrkje» frå , den 1. august 2013.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Lillehammer Kategori:Kulturminne i Lillehammer Kategori:Kyrkjer i Sør-Gudbrandsdal prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1720-åra Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Valkyrkjer i 1814