Bjørkelangen kyrkje er ei langkyrkje i tre i Aurskog-Høland kommune, Akershus fylke.

Kyrkja vart oppført i 1923–25 av byggmeister Olaf Fallet og dei tre sonane hans.

Korveggen er måla av Gunnar Wang med eit bilete (på 7,5 m x 5 m) av himmelferda. Dette vart dekt til ved ei restaurering i 1951–53, då kyrkja fekk nytt inventar skore av Audun Bødtker, m.a. med relieffpanel på framsida av alteret og ei kalvariegruppe oppå det. I 2001–02 vart Wangs bilete avdekt og Bødtkers panel fjerna. Kyrkja har òg eit sidealtar i vest. (Hovudinngangen er i sør.) Bødkter har dessutan laga preikestol og døypefont.

Kyrkjegarden (vigsla 1. februar 1913) vart teken i bruk nokre år før kyrkja vart oppført. Eit kombinert bårehus og servicebygg vart vigsla i 1982.

Bakgrunnsstoff

Sigrid og Håkon Christie: Bjørkelangen kapell i «Norges kirker»

Bjørkelangen kirke på Kyrkjesøk

Kategori:Kyrkjer i Aurskog-Høland Kategori:Kulturminne i Aurskog-Høland Kategori:Norske kyrkjer frå 1925 Kategori:Kyrkjer i Østre Borgesyssel prosti Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme