Ullensaker kyrkje frå 1958 er i Ullensaker kommune i Akershus. Dette har vore hovudkyrkja for området sidan 1100-talet, og dagens kyrkje er den fjerde i rekka, etter at den førre kyrkja brann i 1952.
Kyrkja er oppført i armert betong, og takkvelvinga i kyrkjesalen er parabelforma. Mykje av taket og fondveggen er dekt av freskar laga av Alf Rolfsen. Den gamle altartavla vart redda ut av den brennande kyrkja og er teken i bruk saman med døypefonten og preikestolen, men himlingen til preikestolen rauk med i brannen. Hovuddøra har ein smijernsring frå mellomalderen.
Bakgrunnsstoff Sigrid og Håkon Christie: Ullensaker kirke i «Norges kirker»
Ullensaker kyrkjelege fellesråd
mini|venstre|Kyrkja som brann i 1952
Kategori:Kyrkjer i Ullensaker Kategori:Kulturminne i Ullensaker Kategori:Norske kyrkjer frå 1958 Kategori:Norske kyrkjer med heidne namnelekkar Kategori:Kyrkjer i Øvre Romerike prosti Kategori:Bygningar teikna av Arnstein Arneberg