Skoklefall kyrkje er ei langkyrkje i Nesodden kommune i Akershus fylke.

Kyrkja vart teikna av arkitekt Carl Christiansen og vigsla i 1936. I 1962 vart ho sett i stand. Då fekk ho nye interiørfarger vald av Terje Grøstad, som laga både altartavle, preikestol og døypefont til kyrkja (eller kapellet, som det då var).

Her er ingen kyrkjegard. Ein nyttar den ved Nesodden kyrkje.

Bakgrunnsstoff Sigrid og Håkon Christie: Skoklefall kapell i «Norges kirker»

Kategori:Kyrkjer i Nesodden Kategori:Kulturminne i Nesodden Kategori:Norske kyrkjer frå 1936 Kategori:Kyrkjer i Søndre Follo prosti Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme