Borge kyrkje er ei langkyrkje frå 1861 i Fredrikstad kommune i Østfold fylke. Byggverket er i stein og har 270 sitjeplassar.
Staden der kyrkja står, kan ha vore eit gamalt gudehòv, og den fyrste kyrkja var vigsla til Heilag-Olav. Det har vore fleire kyrkjebrannar her, ikkje minst etter «slaget ved Borge kyrkje» den 6. februar 1660. Den førre kyrkja vart riven i 1860 før den noverande vart bygd.
Mykje av inventaret er frå tidlegare kyrkjer.
Bakgrunnsstoff
Sigrid og Håkon Christie: Borge kirke i «Norges kirker»
Borge kirke, Fredrikstad på Kyrkjesøk
Kategori:Kyrkjer i Fredrikstad Kategori:Kulturminne i Fredrikstad Kategori:Kyrkjer i Fredrikstad Domprosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme Kategori:1861 i Noreg