«Green River» er ein song av det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival. Songen vart skriven av John Fogerty og gjeven ut som singel i juli 1969, ein månad før albumet med same namn kom ut.

Bakgrunn

Songen «Green River» vart basert på ein stad der Fogerty brukte å vere ved Putah Creek. Tittelen på songen kom frå etiketten på ei sirupsflaske, som heitte «Green River».

Allmusic skreiv som songen: «Det som er så merkverdig med «Green River» er at songen på så mektig vis frambringer bileta sine på mindre enn to og eit halvt minutt, på ei tid då ein langvarig jam var i ferd med å bli idealet i rock and roll. Creedence Clearwater Revival forstod at mindre framleis kunne bety meir, og «Green River» er eit glimrande døme på dette.»

Salstal «Green River» selde til gullplate (500 000 einingar) den 13. desember 1990.RIAA Certification Search

Liste (1969)PlasseringCanada (RPM)5US Billboard Hot 1002

Andre versjonar Mary Wilson frå The Supremes arbeidde med den britiske plateprodusent Gus Dudgeon på ein versjon tidleg i 1980-åra, men denne vart aldri gjeven ut. Countrybandet Alabama spelte inn ein versjon av songen i 1982 for albumet Mountain Music.

I media Songen er spelbar i videospelet Rock Band. Songen vert spelt i traileren for filmen Taking Woodstock. Songen er med i videospelet Grand Theft Auto: San Andreas på classic rock-stasjonen K-DST. Songen vart spelt under eit grasklypparløp i King Of The Hill-episoden «Hank's Back Story».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Green River (song)» frå , den 17. august 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Creedence Clearwater Revival-songar Kategori:Songar skrivne av John Fogerty Kategori:Songar produserte av John Fogerty Kategori:Fantasy Records-singlar