«Run Through the Jungle» er ein song frå 1970 av det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival. Songen vart skriven av frontmannen John Fogerty og gjeven ut på albumet deira Cosmo's Factory i 1970.
Historie Tittelen på songen, teksten og at han kom ut i 1970, i tillegg til at Creedence hadde songar som antikrigssongen «Fortunate Son», har fått mange til å meine at songen omhandlar Vietnamkrigen.Run Through The Jungle by Creedence Clearwater Revival Songfacts I følgje Fogerty sjølv stemmer ikkje dette. I eit intervju i 1993 med Los Angeles Times sa han
Songen opnar og avsluttar med jungellydar, skapt av bassisten Stu Cook ved hjelp av «gitar og piano spelt av baklengs». Dleen på munnspel vart spelt av John Fogerty. Songen var òg favoritt CCR-songen til Tom Fogerty: «Favorittsongen min med Creedence var 'Run Through the Jungle'... Det er som ein liten film med alle lydeffektane. Han skiftar aldri tone, men held interessa di heile vegen. Det er som ein musikalsk draum. Han endrar ikkje tone, men gjev deg ein illusjon om dette.»The Global Satellite Network, 60’s Legends
Songen vart gjeve ut på singel i lag med «Up Around the Bend» og kom ut i april 1970. Singelen nådde fjerdeplassen på poplista i USA (den sjette singelen til bandet som nådde Topp 10) og selde etter kvart til gullplate for meir enn ein million selde eksemplar.
Songen har vorte spelt inn av The Gun Club, Bruce Springsteen, Georgia Satellites, 8 Eyed Spy, Killdozer, Link Wray, The Cramps og Los Lobos.
Kontrovers Songen var sidan ein del av ein kontrovers då Saul Zaentz, sjef for plateselskapet til CCR, Fantasy Records, som eigde rettane til musikken til Creedence Clearwater Revival, saksøkte John Fogerty fordi han meinte Fogerty-songen «The Old Man Down the Road» frå 1984 likna for mykje på «Run Through the Jungle». Zaentz vann fram med nokre av klagane sine mot Fogerty, men tapte saka om rettane. Dommaren meinte at ein artist ikkje kan plagiere seg sjølv.John Fogerty News on Yahoo! Music Etter å ha vunne saka saksøkte Fogerty Zaentz for kostnadane han hadde hatt med forsvare seg i retten. Fogerty vann denne saka.
I andre media «Run Through the Jungle» er nytta i følgjande filmar: Rude Awakening (1989), Air America (1990), Rudy (1993), Forrest Gump (1994) The Big Lebowski (1998), Radiofreccia (1998), Tropic Thunder (2008) og TV-filmen To Heal a Nation. Han er òg nytta i fjernsynsseriane Supernatural, Entourage og Skins (2010).
Songen er spelbar i videospelserien Rock Band.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Run Through the Jungle» frå , den 17. august 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Creedence Clearwater Revival-songar Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Songar skrivne av John Fogerty Kategori:Songar produserte av John Fogerty Kategori:Fantasy Records-singlar