Chronicle, Vol. 1, òg kjend som Chronicle: The 20 Greatest Hits, er eit samlealbum av det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival. Det kom ut i januar 1976 på Fantasy Records, samstundes med singelutgjevinga av «I Heard It Through the Grapevine».
Chronicle, Vol. 1 er ein singelsamling med 13 a-sideer og 7 b-sider. I motsetnad til dei to førre utgjevingane Creedence Gold inneheld Chronicle Vol. 1 alle hittane til bandet.
Det er ein bestseljar i katalogen til bandet, og selde 8x platina i USA. Samlinga ligg på 59. plass på den oppdaterte versjonen av lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Det har selt ca. 6,5 millionar eksemplar i USA sidan 1991, då Nielsen SoundScan byrja å registrere salstal for Billboard.
Innhald
Medverkande I følgje plateomslaget John Fogerty – vokal, sologitar, produksjon, arrangement Stu Cook – bass Doug Clifford – Trommer Tom Fogerty – rytmegitar (utanom 19 og 20)
Lister Liste (1976)PlasseringTyskland50 Liste (1980)PlasseringNew Zealand2 Liste (1991)PlasseringNederland70 Liste (2007)PlasseringNoreg40Sverige59 Liste (2008)PlasseringIrland72 Liste (2009)PlasseringAustralia22US Catalog Albums1 Liste (2010)PlasseringUS Digital Albums2 Liste (2012)PlasseringKroatia36Italia98US Billboard 20052
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Chronicle, Vol. 1» frå , den 17. august 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Creedence Clearwater Revival-album Kategori:Samlealbum frå 1976 Kategori:Fantasy Records-album 059