Alfred Russel Wallace () var ein britisk naturforskar, oppdagingsreisande, geograf, antropolog og biolog. Han er best kjend for uavhengig å ha utvikla teorien om evolusjon gjennom naturleg utval, som han publiserte saman med Charles Darwin i 1858. Dette skynda på Charles Darwin til å publisere sine eigne idéar i On the Origin of Species. Wallace gjorde omfattande feltarbeid, først i Amazonasbassenget, og deretter i Malayarkipelet, der han identifiserte Wallace-linja som deler den indonesiske øygruppa i to åtskilte delar: ein vestleg del, der dyra i stor grad har asiatisk opphav, og ein austleg del der faunaen reflekterer Australasia.

På 1800-talet vart han sett på som den leiande eksperten på den geografiske fordelinga av dyreartar, og blir nokre gonger kalla faren til biogeografien. Wallace var ein av dei leiande evolusjonistiske tenkjarar på 1800-talet og gjorde mange andre bidrag til utviklinga av evolusjonsteorien utanom å vere oppdagaren av naturleg utval saman med Darwin. Desse inkluderte omgrepet varselfarger hos dyr, og Wallace-effekten, ein hypotese om korleis naturleg utval kan bidra til artsdanning ved å oppmuntre til utvikling av barrierar mot hybridisering.

Wallace var sterkt tiltrekt av ukonvensjonelle idéar. Forsvara hans av spiritisme og trua hans på eit ikkje-materielt opphav for høgare sjelsevner hos menneske, dei anstrengte tilhøva hans til nokre av medlemmene av det vitskaplege etablissementet. I tillegg til det vitskaplege arbeidet hans, var han ein sosial aktivist som var kritisk til det han såg som eit urettferdig sosialt og økonomisk system i Storbritannia på 1800-talet. Interessa hans for naturhistorie resulterte i at han blei ein av dei første framtredande forskarar å ytre otte over dei miljømessige konsekvensane av menneskeleg aktivitetar.

Wallace var ein produktiv forfattar som skreiv både vitskaplege og sosiale publikasjonar; skildringa hans av opplevingar og observasjonar gjennom eigne granskingar i Singapore, Indonesia og Malaysia, The Malay Archipelago, er rekna som kanskje det beste av alle utgjevingar av vitskaplege undersøkingar på 1800-talet.

Wallace hadde økonomiske problem gjennom store delar av livet. Reisene hans til Amazonas og Det fjerne austen vart støtta av salet av prøver han samla inn og, etter at han mista det meste av den betydelege pengane han laga frå desse sala i mislukka investeringar, måtte han støytte seg hovudsakleg frå dei publikasjonane han produserte.

I motsetnad til nokre av sine samtidige i det britiske vitskaplege samfunnet, slik som Darwin og Charles Lyell, hadde han ingen familierikdom til å falle tilbake på, og han klarte ikkje å finne ein langsiktig lønt stilling og mottok inga fast inntekt før han vart tildelt ein liten statleg pensjon i 1881, etter innsats frå Darwin.

Biografi Oppvekst Alfred Wallace vart fødd i den walisiske landsbyen Llanbadoc, nær Bristol i England.Wilson The Forgotten Naturalist s. 1. Han var den sjuande av ni born av Thomas Vere Wallace og Mary Anne Greenell. Thomas Wallace tok jusutdanning, men praktiserte aldri som jurist. Han arva ein inntektsbringande eigedom, men dårlege investeringar og mislukka forretningsføretak resulterte i ein jamn forverring av den økonomiske situasjonen til familien.

Mora hans var frå ein engelsk middelklassefamilie frå Hertford, nord for London Då Wallace var fem år gammal, flytta familien til Hertford. Der gjekk han på Hertford Grammar School fram til økonomiske problem tvinga familien hans til å ta han ut frå skolen i 1836.Wilson s. 6–10. mini|venstre|Eit fotografi frå Wallace sin sjølvbiografi viser bygningen Wallace og broren hans John utforma og bygde for Neath Mechanics Institute.

Wallace flytta deretter til London for å bu saman med den eldre broren John, ein 19 år gammal lærling i byggjefag. Dette var eit mellombels tiltak fram til William, den eldste broren hans, var klår til å ta han med som takstmannlærling. Samstundes gjekk han på forelesingar og las på London Mechanics Institute. Her kom han i kontakt med dei radikale politiske idéane til dei walisiske sosialreformatorane Robert Owen og Thomas Paine. Han forlét London i 1837 for å leve med William og fungere som lærlingen hans i seks år.

Etter ein kort periode utan arbeid, vart han tilsett som lærar ved Collegiate School i Leicester for å undervise i teikning, kartografi, og oppmåling. Wallace brukte mykje tid på det offentlege biblioteket i Leicester: han las An Essay on the Principle of Population av Thomas Malthus, og ein kveld møtte han entomologen Henry Bates. Bates var nitten år gammal, og i 1843 hadde han publisert ein artikkel om biller i tidsskriftet Zoologist. Som ven av Bates og byrja òg Wallace å samle insekt.Shermer In Darwin's Shadow s. 53.Slotten s. 22–26. William døydde i mars 1845, og Wallace forlét lærarstillinga for å ta kontroll over firmaet til broren sin i Neath, men han og broren hans John var ute av stand til å gjere verksemda lønsam. Etter eit par månader fann Wallace arbeid som bygningsingeniør for eit nærliggande firma som jobba på ei undersøking for ein prospektert jernbane i Vale of Neath.

Wallace sitt arbeid med undersøkinga førte med seg mykje tid utandørs på landsbygda, slik at han kunne gje seg til den nye lidenskapen sin for å samle insekt. Wallace overtalte broren John til å bli med på å starte eit nytt firma innan arkitektur og anlegg, som gjennomførte ei rekkje prosjekt, blant anna utforminga av ein bygning for Neath Mechanics Institute, grunnlagt i 1843.Neath Mechanics' Institute Swansea University. Retrieved 21st April 2013. William Jevons, grunnleggjaren av instituttet, vart imponert over Wallace og overtalte han til å gje førelesingar der i vitskapsfag og ingeniørfag. I ein alder av 23 år flytta han hausten 1846 saman med bror, syster og mor i eit hus som broren John kjøpte i nærleiken av Neath. Faren hadde døydd i 1843.Slotten s. 26–29.Wilson s. 19–20.

I denne perioden las han ivrig, og brevveksla med Henry Bates om den anonymt publiserte evolusjonistiske avhandlinga til Robert Chamber, Vestiges of the Natural History of Creation, Charles Darwin si bok The Voyage of the Beagle, og Charles Lyell si Principles of Geology.Raby s. 78.Wallace My Life s. 254, 256

I nyare tid har det vore kontroversar om nasjonaliteten åt Wallace. Ettersom Wallace vart fødd i Monmouthshire, har nokre kjelder rekna han å vere walisisk. Andre har rekna han som ein engelsktalande person av engelsk nasjonalitet fødd i Wales.

Utforsking og studium av naturen mini|300px|høgre|Eit kart frå The Malay Archipelago viser den fysiske geografien i øyriket og Wallace reiser rundt området. Tynna svarte strekar viser der Wallace reiste, og dei raude linjene indikerer kjeder av vulkanar.

Inspirert av forteljingane frå tidlegare reisande naturforskarar, mellom dei Alexander von Humboldt, Charles Darwin og William Henry Edwards, fann Wallace at han òg ynskte å reise utanlands som ein naturhistorikar.Slotten s. 34–37. I 1848 reiste Wallace og Henry Bates til Brasil med skipet «Mischief». Intensjonen deira var å samle insekt og andre dyreprøver i regnskogen i Amazonas og selje dei til samlarar når dei var tilbake i Storbritannia. Wallace håpte òg å samle prov for omdanning av artar.

Wallace og Bates heldt seg nær Belém do Pará mesteparten av det første året, deretter skilde deg lag og utforska innlandet kvar for seg, av og til møttest dei for å diskutere funna dei gjorde. I 1849 vart dei i ein kort periode vitja av ein annan ung oppdagingsreisande, botanikaren Richard Spruce, saman med Wallace sin yngre bror, Herbert. Herbert forlét dei snart, han døydde to år seinare av gulfeber. Spruce derimot kom, akkurat som Bates, til å bli verande i Sør-Amerika i ti år for å samle prøver.Wilson s. 36; Raby s. 89, 98–99, 120–21.

Wallace heldt fram med å kartleggje Rio Negro i fire år. Han samla prøver og gjorde nedskrivingar om folk og språk han møtte og om geografi, flora og fauna.Raby s. 89–95. Den 12. 1852 juli tok Wallace fatt på tilbakereisa til Storbritannia med briggen «Helen». Etter 26 dagar til sjøs tok lasten i skipet fyr og mannskapet vart tvinga til å forlate skipet. Alle prøvene Wallace hadde med seg på skipet, for det meste samla i løpet av dei siste og mest interessante åra av turen, gjekk tapt. Han redda berre ein del av dagbøkene og nokre få skisser.

Wallace og mannskapet låg i ein open båt i ti dagar før dei vart plukka opp av briggen «Jordeson», som seglde frå Cuba til London. Forsyningane på båten vart knappe av dei uventa passasjerane, men etter ein vanskeleg passasje på svært små rasjonar, nådde endeleg båten fram den 1. oktober 1852.Shermer s. 72–73.Slotten s. 84–88

Etter heimkomsten til Storbritannia, brukte Wallace 18 månader i London der han levde på forsikringsutbetalingar for den tapte samlinga. Han selde òg nokre eksemplar som hadde vorte sende tilbake til Storbritannia før han starta utforskinga si av Rio Negro. Trass i å ha mista nesten alle notata frå den søramerikanske ekspedisjonen, skreiv han i denne perioden seks akademiske artiklar inkludert On the Monkeys in Amazonas, og to bøker, Palm Trees of the Amazon og Their Uses and Travels on the Amazon.Wilson s. 45. Han refererte til ei rekkje andre britiske naturforskarar mest vesentleg Darwin.Raby s. 148. mini|venstre|Ein illustrasjon frå boka The Malay Archipelago skildrar den flygande frosken som Wallace oppdaga

I perioden 1854 til 1862, frå han var 31 til han var 39, reiste Wallace gjennom Malayarkipelet eller Søraust-India, no Singapore, Malaysia og Indonesia, for å samle prøver for sal og for å studere naturhistorie. Eit sett av 80 fugleskjelett han samla i Indonesia med tilhøyrande dokumentasjon kan finnast i Cambridge University Museum of Zoology. Observasjonane hans av dei merkte zoologiske skilnadene på tvers av det smale sundet i øyriket førte til framlegget hans om ei biogeografisk grense no kjend som Wallace-linja, medan området aust for linja vert kalla Wallacea.

Wallace samla inn meir enn 126 000 eksemplar i Malayarkipelet, meir enn 80 000 biller åleine. Fleire tusen av dei representerte nye artar for vitskapen.Shermer s. 14. Ein av hans betre kjende artsskildringar frå denne turen er av den glidande skogfrosken Rhacophorus nigropalmatus, kjend som Wallace sin flygande frosk. Mens han utforska øyriket, raffinerte han tankane sine om evolusjon og fekk innsikta si om naturleg utval som han er kjend for. I 1858 sende han ein artikkel til Darwin som skildrar denne teorien. Artikkelen vart publisert, saman med ei skildring av Darwin sin eigen teori om emnet, same året.

Forteljingar om studiane og opplevingane der vart til slutt gjevne ut i 1869 som The Malay Archipelago. Dette vart ei av dei mest populære bøkene innan vitskapleg utforsking på 1800-talet, og ho har aldri vore utseld. Verket vart rost av forskarar som Darwin, som boka var dedisert til, og av Charles Lyell, vidare av ikkje-forskarar som romanforfattaren Joseph Conrad, som kalla boka «favorittsengelektyren» og brukte ho som kjelde til informasjon for fleire av romanane sine, spesielt Lord Jim.Slotten s. 267.

Tilbake til England, ekteskap og born mini|upright|Eit fotografi av A.R. Wallace teke i Singapore i 1862. Ukjend fotograf

I 1862 returnerte Wallace til England, der han flytta inn hos systera si, Fanny Sims, og ektemannen Thomas. Mens han kom seg etter reisene sine, organisert Wallace samlingane sine og gav mange føredrag om opplevingane og oppdagingane til vitskaplege samfunn som Zoological Society of London. Seinare same år vitja han Darwin på Down House, og vart ven med både Charles Lyell og Herbert Spencer.Shermer s. 151–52. I løpet av 1860-talet, skreiv Wallace artiklar og heldt førelesingar til forsvar av naturleg utval. Han korresponderte med Darwin om ei rekkje emne, inkludert seksuell seleksjon, varselfarger, og den moglege effekten av naturleg seleksjon på hybridisering og divergens av artar.Slotten s. 249–58. I 1865 byrja han å undersøkje spiritisme.Slotten s. 235.